^
Contact us Language LOAD

You are here

Nett.no: Ulstein med i gigantsatsing i oppdrett (In Norwegian)

November 4, 2016

Ulstein Group er rådgivar i ei oppdrettsatsing på 3,3 milliardar kroner. Kan bli med på både konstruksjons-og utstyrsleveransar. 
Eit tankskip på 521 meter med tankane fulle av oppdrettslaks og ein årleg produksjon på 50 tusen tonn, rundt fire-fem prosent av den årlege norske oppdrettsproduksjonen.
Det er planen til inititativtakarane bak Pure Atlantic, kvartetten Helge Olav Vikshåland, Tom Henrik Sundby, Svein Johnny Naley og Kåre Jostein Larsen.
Dei vil ta oppdrettsproduksjonen til havs, og byggje det største oppdrettsanlegget næringa har sett. Ideane som hittil er lansert om oppdrett til havs har basert seg på solide konstruksjonar kombinert med nøter. Pure Atlantic vil ha lukka tankar, i eit skip som er berekna å koste 3,3 milliardar kroner.

Link til Nordvestlandet
Naley har tidlegare mellom anna vore leiar for Kongsberg Evotec i Ulstein, og Larsen har arbeidd for Vard.
Herleif Ulstein i patentkontoret Zacco arbeider med patenteringsprosessen, Ulstein Group har vore rådgivar når det gjeld skipskonstruksjonen og Nofima har vore rådgivar når det gjeld sjølve oppdrettsanlegget.

Intensjonsavtale med Ulstein
Ulstein kan og blir med vidare, dersom planen blir sett ut i livet.
- Vi har ein intensjonsavtale med Ulstein om at dei skal vere vår partnar på maritim side - på design og maritimt utstyr, seier Naley om prosessen vidare.
Lukkast Pure Atlantic å realisere prosjektet betyr det at Ulstein både kan få konstruksjon- og designarbeid, samt utstyrsleveransar til oppdrett-skipet.

Read the full article here.

 

ulstein_med_i_gigantsatsing_i_oppdrett_161104.pdf